Totalt antall sidevisninger

mandag 23. mai 2011

Bokmelding av "Kaninbyen"

Bok om Stavanger i eit kaninbur.

I 2008 blei boka ”Kaninbyen” vald av Stavangers innbyggarar til å vera ein del av kulturprosjektet ”Heile byen les”. Boka er skrive av Arild Rein og er den siste boka i Stavangertrilogien hans. Kaninbyen er ein underhaldningsroman kor sjølve handlinga føregår i oljebyen, Stavanger. 

 

Hovudpersonen i forteljinga er den meir utradisjonelle ekspolitimannen Jonny Roxmann. Jonny fekk sparken i politiet etter at han blei tatt for å leige ut moras leilegheit til asiatiske prostituerte. Det kjenst som at Jonny har mista alt håp når det kjem til Stavanger, men satsar likevel på å tene nokre raske tusenlappar på å selje bakte poteter på Gladmatfestivalen. Undervegs møter han den asiatiske hotellresepsjonisten Kim, som viser seg å vera meir spanande enn forventa.


Boka til Rein er skrive på ein måte som kanskje kan vera utfordrande for nokon å lesa. Språkbruken og enkelte påstandar kan oppfattas som provoserande og urovekkande. Det er nettopp dette eg trur Arild Rein ville oppnå me boka si. Han sparar ikkje på banneord. Dette er også noko som mange andre har lagt merke til. Eg tolkar at Rein bruker banninga som eit virkemiddel for å forsterka poenga sine. Han brukar mildt tabulagde midler for å få merksemd og setje lys på sanninga. At verda er korrupt, omsynslaus og vulgær:

”Religionsstiftarane fann opp gudar og samtalar med gudar for å halda hordane på plass og utnytta dei. Seinare brukte overklassen religion til det same. Kva faen skulle dei rike med religion? Hæ? Dei trong faen ikkje trøyst. Dei tok for seg i dette livet dei, og så baud dei underklassen på orgiar og anna snadder i det hinsidige.”
(Rein, 2004 s.66)

Boka bygger på å være samfunnskritisk og har derfor mange gode poeng. Eit eksempel er at Jonny stel fleire gonger i boka. Han går inn i fleire daglegvare butikkar og stel varar for fleire tusen kroner utan at nokon så mykje som løftar på ein finger. Han stel også frå Kim og frå ein bokhandel kor dei tilsette er for opptekne med å prata med kvarandre. Her er eit utdrag frå boka som gir eit bilete av korleis forhold Jonny har til steling: 

            ”Folk slepp faen unna med stadig meir.” (Ibid, s.106)

Det er likevel ikkje alt som er like sant i boka. Eit eksempel på dette er at det ikkje er tilstrekkeleg overflod av narkotika- og prostitusjonsverksemd i Stavanger som han vil ha det til. Dermed veit vi at boka ikkje er hundre prosent sann, og vi kan ikkje tru på alt som står i den.


Rein skildrar Stavanger på ein måte som i stor grad er oppdikta, men samtidig veldig sann. Han får Stavanger til å sjå ut som ein skitten eske fullt med rus, sex og pengar som blir fôra frå utsida. Slik som i eit kaninbur. Sett bort i frå dette deprimerande bilete av Stavanger, inneheld boka mange gode poeng og interessante teoriar. Alt i alt, er dette ei god bok som anbefalast for dei som tåler eit litt anna syn på verda.

Kjelder:
-       Arild Rein. 2004. ”Kaninbyen”. Det Norske Samlaget Oslo 2008

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar